2. Herre, høyr mi bøn,lat mitt rop nå fram til deg!
3. Løyn ikkje ditt andlet for megden dagen eg er i naud.Vend øyra ditt til meg,skund deg og svar ¬når eg ropar!
4. For mine dagar kverv ¬som røyk,mine lemer brenn som eld.
5. Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras,for eg har gløymt ¬å eta mitt brød.
6. Eg sukkar og styn,eg er berre skinn og bein.
7. Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka,er vorten som ugla ¬på aude stader.
8. Eg ligg vaken,eg er som ein einsleg fugl ¬på taket.
9. Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen,dei som gjer narr av meg,brukar mitt namn ¬til forbanning.
10. Eg må eta oske som brød,eg blandar min drikk ¬med tårer,
11. fordi du er harm ¬og vreid på meg;du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.
12. Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest,eg visnar bort som gras.