Salmane 102:13-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,ditt minne varer frå ætt til ætt.

14. Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion,for no er timen komen,tida då du vil visa nåde.

15. Dine tenarar elskar ¬steinane på Sionog ynkast ¬over grushaugane der.

16. Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre,alle kongane på jorda ¬din herlegdom.

17. For Herren vil byggja opp att ¬Sionog syna seg i sin herlegdom.

18. Han lyder etter ¬når armingar bed,og vanvørder ikkje deira bøn.

19. Dette er skrive ¬for komande ætter,eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren.

20. For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal,frå himmelen ¬skodar han ned på jorda.

21. Han vil høyra ¬når fangane sukkar,og løysa dei ¬som er vigde til døden.

22. Så skal Herrens namn ¬forkynnast på Sion,hans lov og pris i Jerusalem,

23. når folkeslag og kongerikesamlar seg og tener Herren.

24. Han har brote mi kraft ¬på vegenog sett ned mitt dagetal.

25. Eg bed: Min Gud, ¬ta meg ikkje bortmidt i mi levetid!Frå ætt til ætt er dine år.

26. Du grunnla jorda i gamal tid,og himmelen ¬er eit verk av dine hender.

27. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande.Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;du skifter dei ut ¬som klede.Dei vert utskifte,

28. men du er den same,dine år tek aldri ende.

29. Borna åt dine tenarar ¬får bu i fred,deira ætt skal stå trygt ¬for ditt åsyn.

Salmane 102