Salmane 10:14-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Du ser både møde og sorg,du ser det alt ¬og tek det i di hand.Den verjelause ¬kan gje seg over til deg,for du er ein hjelpar ¬for farlause.

15. Bryt armen på den ¬som er gudlaus og vond,krev han til rekneskap ¬for hans gudløyse,så ho ikkje må finnast meir.

16. Herren er konge ¬for evig og alltid,framande folk ¬skal rydjast ut or hans land.

17. Herre, du høyrer ¬kva dei hjelpelause ynskjer,du vender øyra til ¬og gjev dei mot.

18. Dei som er farlause og trælka,hjelper du til deira rett.Menneske som er av jorda,skal ikkje lenger valda redsle.

Salmane 10