Salmane 10:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kvifor er du så langt borte, ¬Herre,kvifor løyner du deg ¬i trengselstider?

2. Dei gudlause jagar ¬i sitt hovmod ein stakkar,men vert sjølve fanga ¬med dei knep dei fann på.

3. Den gudlause skryter ¬av si grådige lyst,den griske forbannar ¬og vanvørder Herren.

4. Den gudlause seier ¬med hovmodig mine:«Han krev meg ikkje ¬til rekneskap!Det finst ingen Gud.»Så tenkjer han alltid.

5. Han har lukka med seg ¬i alt han gjer;dine domar er altfor høge ¬for han.Han blæs ¬åt alle sine motstandarar.

6. Han seier med seg sjølv:«Eg skal ikkje rikkast,og aldri skal eg lida naud.»

7. Hans munn er full ¬av forbanning,full av svik og vald;han har urett ¬og vondskap på tunga.

Salmane 10