Sakarja 9:8-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Eg vil slå vakt om huset mitttil vern mot dei ¬som kjem og går.Aldri meir ¬skal nokon valdsherrefara fram imot dei.For no har eg sett det ¬med eigne augo.

9. Gled deg storleg, Sions dotter,set i og jubla, Jerusalem!Sjå, kongen din kjem til deg.Rettferdig er han, ¬og siger har han fått;audmjuk rid han på eit esel,på den unge eselfolen.

10. Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraimog hestane i Jerusalem,og stridsbogen ¬skal brytast sund.Han skal skapa fred for folka,hans velde skal nå ¬frå hav til hav,frå Eufrat til heimsens endar.

11. Ja, for ditt paktblod skuldvil eg fria dine fangar ¬ut or brunnensom det ikkje finst vatn i.

12. «Vend heim til borga,de fangar som har von!»I dag forkynner eg:«Eg vil gje deg dobbelt att.»

13. For eg spenner Juda ¬som ein bogeog legg Efraim på som pil.Eg eggjar dine søner, Sion,mot dine søner, Javan,og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar.

14. Herren skal openberra seg ¬over dei,hans pil fara ut som eit lyn.Herren Gud ¬skal la hornet gjallaog fara fram i storm frå sør.

15. Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei.Dei skal eta,og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar,dei skal drikka og bråkasom om dei var drukne av vin;både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.

16. Den dagen skal Herren ¬deira Gudberga folket sitt ¬som ein saueflokk.Som steinar i eit diademskal dei glitra i landet hans.

17. Ja, kor godt og fagert det er!Kornet får gutane til å trivastog vinen jentene til å bløma.

Sakarja 9