7. eg vil ta blodet ¬or munnen deiraog styggedomen bort ¬frå tennene deira.Men dei som vert att,skal høyra vår Gud tilog vera som hovdingar i Juda;Ekron skal vera ¬som jebusittane.
8. Eg vil slå vakt om huset mitttil vern mot dei ¬som kjem og går.Aldri meir ¬skal nokon valdsherrefara fram imot dei.For no har eg sett det ¬med eigne augo.
9. Gled deg storleg, Sions dotter,set i og jubla, Jerusalem!Sjå, kongen din kjem til deg.Rettferdig er han, ¬og siger har han fått;audmjuk rid han på eit esel,på den unge eselfolen.
10. Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraimog hestane i Jerusalem,og stridsbogen ¬skal brytast sund.Han skal skapa fred for folka,hans velde skal nå ¬frå hav til hav,frå Eufrat til heimsens endar.
11. Ja, for ditt paktblod skuldvil eg fria dine fangar ¬ut or brunnensom det ikkje finst vatn i.
12. «Vend heim til borga,de fangar som har von!»I dag forkynner eg:«Eg vil gje deg dobbelt att.»
13. For eg spenner Juda ¬som ein bogeog legg Efraim på som pil.Eg eggjar dine søner, Sion,mot dine søner, Javan,og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar.
14. Herren skal openberra seg ¬over dei,hans pil fara ut som eit lyn.Herren Gud ¬skal la hornet gjallaog fara fram i storm frå sør.
15. Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei.Dei skal eta,og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar,dei skal drikka og bråkasom om dei var drukne av vin;både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.
16. Den dagen skal Herren ¬deira Gudberga folket sitt ¬som ein saueflokk.Som steinar i eit diademskal dei glitra i landet hans.
17. Ja, kor godt og fagert det er!Kornet får gutane til å trivastog vinen jentene til å bløma.