Sakarja 9:13-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. For eg spenner Juda ¬som ein bogeog legg Efraim på som pil.Eg eggjar dine søner, Sion,mot dine søner, Javan,og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar.

14. Herren skal openberra seg ¬over dei,hans pil fara ut som eit lyn.Herren Gud ¬skal la hornet gjallaog fara fram i storm frå sør.

15. Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei.Dei skal eta,og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar,dei skal drikka og bråkasom om dei var drukne av vin;både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.

16. Den dagen skal Herren ¬deira Gudberga folket sitt ¬som ein saueflokk.Som steinar i eit diademskal dei glitra i landet hans.

17. Ja, kor godt og fagert det er!Kornet får gutane til å trivastog vinen jentene til å bløma.

Sakarja 9