12. I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt, jorda skal gje grøde og himmelen dogg. Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige.
13. Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, skal de verta til velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men frimodige!
14. For så seier Herren, Allhærs Gud: Liksom eg sette meg føre å senda ulukke over dykk den gongen fedrane dykkar eggja meg til vreide, seier Herren, Allhærs Gud, og eg ikkje endra mitt forsett,
15. har eg i desse dagar vendt om og sett meg føre å gjera vel mot Jerusalem og Juda-ætta. Ver ikkje redde!
16. Dette er dei bod de skal halda: Tal sanning, ¬kvar med sin neste!På tinget skal de fella domarsom kviler på sanning ¬og skaper fred.
17. Tenk ikkje ut vondt ¬mot kvarandre,og elska ikkje rang eid!For alt slikt hatar eg,lyder ordet frå Herren.
18. Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:
19. Så seier Herren, Allhærs Gud: Fastedagane i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta til hugnad og glede for Juda-ætta og til herlege høgtidsdagar. Men elska sanning og fred!
20. Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal det koma folkeslag, ja, folk frå store byar,
21. og folket i den eine byen skal fara til den andre og seia: «Kom, lat oss gå og be Herren om nåde, lat oss søkja Herren, Allhærs Gud! Eg òg vil gå med.»