Sakarja 7:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det fjerde styringsåret åt kong Dareios, den fjerde dagen i den niande månaden, kislev månad, kom Herrens ord til Sakarja.

2. Betel sende då Sareser og Regem-Melek og mennene hans for at dei skulle be Herren om nåde

3. og spørja prestane som gjorde teneste i huset åt Herren, Allhærs Gud, og profetane: «Er det så at eg skal gråta og fasta i den femte månaden, som eg har gjort i mange år?»

4. Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:

5. Sei til heile folket i landet og til prestane: «Når de har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i samfulle sytti år, er det då meg de har fasta for?

6. Når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?»

Sakarja 7