Sakarja 6:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så lyfte eg augo att og fekk sjå fire vogner som kom fram mellom to fjell; fjella var av kopar.

2. For den fyrste vogna var det raude hestar; for den andre vogna var det svarte hestar;

3. for den tredje vogna var det kvite hestar, og for den fjerde vogna var det flekkete, raude hestar.

4. Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder desse, herre?»

5. Engelen svara og sa til meg: «Det er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over all jorda.

6. Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fylgjer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.»

Sakarja 6