Sakarja 5:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.»

6. Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.»

7. Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet.

8. «Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga.

9. Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord.

10. Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?»

11. Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.»

Sakarja 5