8. og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der:Jerusalem skal liggja ¬utan murar,så mykje folk og buskap ¬skal det vera der.
9. Sjølv skal eg vera ¬ein eldmur kring byen,lyder ordet frå Herren,og midt i han ¬vil eg syna min herlegdom.
10. Ve, ve! Røm frå landet i nord!lyder ordet frå Herren.Eg har spreitt dykk ¬for heimsens fire vindar,lyder ordet frå Herren.
11. Ve deg, Sion, ¬som bur hjå Babels dotter!Berg deg unna!
12. For så seier Herren, ¬Allhærs Gud,den herlege, ¬som har sendt meg,om dei folka ¬som plyndra dykk:Den som rører dykk,rører ved min augnestein.
13. For sjå, eg lyfter handa mot dei,og dei vert til hærfangfor dei som no er trælane deira.Då skal de sannaat Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg.