19. Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.
20. Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret.
21. Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud.