5. Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, for det var ein som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.»
6. Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på brystet?» kjem han til å svara: «Dei har eg fått i huset åt elskarane mine.»
7. Vakna, sverd, ¬mot min hyrding,mot mannen ¬som står meg nær,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Slå hyrdingen, ¬og lat sauene spreiast!Mot dei minste ¬vil eg lyfta mi hand.
8. I heile landet, ¬lyder ordet frå Herren,skal to tredjepartar rydjast ut ¬og døy,men ein tredjepart skal leivast.
9. Denne tredjeparten ¬lèt eg gå gjennom eld,eg reinsar han, ¬som ein reinsar sølv,og prøver han, ¬som ein prøver gull.Dei skal kalla på mitt namn,og eg vil høyra bøna deira ¬og seia:«Dei er mitt folk,»og dei skal svara:«Herren er vår Gud.»