Sakarja 11:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –

8. Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg.

9. Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.»

10. Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.

11. Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12. Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

13. Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.

14. Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15. Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding!

Sakarja 11