5. Dei skal vera ¬som kjemper i striden,som trakkar ned for fote ¬på sølete vegar.Dei skal strida, ¬for Herren er med dei,medan hestfolka ¬skal verta til skammar.
6. Eg gjer Juda-ætta sterk,og Josefs-ætta gjev eg siger.Eg lèt dei atter busetja seg,for eg har medkjensle med dei.Ja, det skal gå deisom om eg aldri ¬hadde støytt dei bort,for eg er Herren deira Gud,og eg vil høyra deira bøner.
7. Efraims menn ¬skal vera lik kjemper,dei skal vera gladesom når ein drikk vin.Borna deira skal sjå det ¬med gledeog hjarto deira fagna seg ¬i Herren.
8. Eg vil plystra på dei ¬og samla dei,for eg har fria dei ut.Dei skal verta så mange ¬som dei eingong var.
9. Sår eg dei ut mellom folka,vil dei minnast meg ¬i land langt borte.Dei skal leva saman ¬med borna sineog koma attende.