Sakarja 1:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men mine ord og bod som eg baud tenarane mine, profetane, å forkynna, har ikkje dei råka fedrane dykkar? Så måtte dei venda om og seia: «Som Herren, Allhærs Gud, hadde sett seg føre å gjera med oss etter vår ferd og våre gjerningar, såleis har han gjort med oss.»

7. Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:

8. Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar.

9. Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»

10. Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.»

11. Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.»

12. Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?»

13. Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar.

14. Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda: Så seier Herren, Allhærs Gud:Eg er full av brennhugfor Jerusalem og Sion,

15. og stor er harmen minmot dei trygge heidningfolka;for då eg berre ¬var litegrann harm,gjorde dei ulukka større.

Sakarja 1