Rut 3:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Midnattstider kvakk mannen til. Han bøygde seg framover, og så fekk han sjå at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.

9. «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestkvinna di,» svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.»

10. Då sa han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du har vist endå større truskap no enn før, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene, korkje dei fattige eller dei rike.

11. Så ver ikkje redd, dotter mi! Alt det du seier, vil eg gjera for deg; for alt folket her på staden veit at du er ei bra kvinne.

12. Det er sant at eg er løysingsmann; men det finst ein annan løysingsmann som er nærare enn eg.

Rut 3