31. Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?
32. Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33. Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.
34. Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss.
35. Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd?
36. Det står då skrive:For di skuld vert vi drepne ¬dagen lang,vi vert rekna som slaktesauer.
37. Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.
38. For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,