Romarane 8:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.

2. For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

3. Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.

4. Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

5. Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til.

6. For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.

7. Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller.

Romarane 8