4. Såleis er det med dykk òg, brør. Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.
5. Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.
6. Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.
7. Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.
8. Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død.
9. Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv,
10. men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg.
11. For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg.
12. Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt.