Romarane 7:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda.

15. For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg.

16. Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god.

17. Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

18. For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje.

19. Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

20. Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

21. Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde.

22. Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov.

23. Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene.

24. Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam?

25. Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.

Romarane 7