Romarane 6:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større?

2. Langt ifrå! Vi som har døytt frå synda, korleis kan vi framleis leva i synda?

3. Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans?

4. Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv.

5. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.

6. Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda.

7. For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.

8. Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han.

9. Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han.

10. Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud.

11. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

Romarane 6