5. Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som seier den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur.
6. Såleis prisar òg David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan at det har gjerningar:
7. Sæle er deisom har fått sine brot tilgjevneog sine synder tildekte.
8. Sælt er det menneskesom Herren ikkje tilreknar ¬synd.
9. Dei som her vert prisa sæle, er det berre dei omskorne, eller er det dei uomskorne med? Vi sa då at Abraham vart rekna for rettferdig fordi han trudde.
10. Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren.
11. Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. På den måten skulle han verta far til alle uomskorne som trur, så rettferda kan tilreknast dei.
12. Men han skulle òg verta far til dei omskorne, når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg fylgjer etter Abraham, far vår, og eig den tru han hadde før han vart omskoren.