Romarane 4:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kva skal vi då seia om Abraham, ættefar vår? Kva vann han fram til?

2. Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å rosa seg av. Men det har han ikkje for Gud.

3. For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig.

4. Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde.

5. Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som seier den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur.

6. Såleis prisar òg David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan at det har gjerningar:

Romarane 4