Romarane 3:9-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar noko framom andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nett klaga både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman,

10. som det òg står skrive:Det finst ingen rettferdig,ikkje ein einaste.

11. Det finst ingen vitug,ikkje éin som søkjer Gud.

12. Alle er komne på avveg,alle er dei vonde.Det finst ikkje éin ¬som gjer godt,ikkje ein einaste.

13. Strupen deira er ¬som ei open grav,falske ord ligg dei på tunga,under lippene har dei ormegift,

14. i munnen forbanning ¬og harde ord.

15. Dei er lette på foten ¬når dei vil renna ut blod,

16. øydelegging og armod ¬fylgjer i deira fotefar.

17. Freds veg kjenner dei ikkje,

18. og age for Gud ¬veit dei ikkje av.

19. Vi veit at alt det som lova seier, gjeld dei som har lova, så kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig for Gud.

20. Ingen vert rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev; lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.

21. Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane.

22. Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad,

23. for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom.

24. Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.

25. Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde.

Romarane 3