Romarane 14:4-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Kven er du som dømer annan manns tenar? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal verta ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.

5. Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar for like. Men kvar skal vera fullt overtydd om sitt eige syn.

6. Den som aktar ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren; han takkar då Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud.

7. For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv.

8. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.

9. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre både over levande og døde.

10. Men du, kvifor dømer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol,

11. for det står skrive:Så visst som eg lever, ¬seier Herren,for meg skal kvart kne bøya seg,og kvar tunge skal prisa Gud.

12. Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv.

13. Så lat oss ikkje lenger døma kvarandre! Døm heller så at ingen skal føra ein bror til å snåva eller falla.

14. I trua på Herren Jesus veit eg, ja, er fullviss om at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint.

15. Gjer du bror din sorg med maten du et, då fer du ikkje fram i kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din.

16. Lat ikkje det gode de eig, verta til spott.

Romarane 14