Romarane 11:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein.

2. Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel?

3. Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.

4. Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al.

5. På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.

6. Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde.

7. Kva så? Det Israel strevar etter, har dei ikkje nått, men dei utvalde har nått det. Dei andre har vorte forherda,

8. som det står skrive:Gud har gjeve dei ei sløv ånd,augo som ikkje ser ¬og øyro som ikkje høyrer,heilt til denne dag.

9. Og David seier:Lat bordet deira verta ei snare ¬og ei felle,så dei snåvar og får ¬si straff.

10. Lat augo deira dimmast,så dei ikkje kan sjå,og lat ryggen deira vera bøygd ¬for alltid.

11. Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei.

12. Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?

Romarane 11