Ordtaka 6:27-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Kan nokon sanka glør i fangetutan at kleda tek til å brenna?

28. Eller kan nokon gå på glørutan å svida føtene?

29. Så går det densom ligg med kona ¬åt nesten sin.Ingen som rører henne,kjem ustraffa frå det.

30. Vert ikkje tjuven vanvørdnår han stel for å stilla svolten?

31. Vert han gripen, ¬må han bøta sjudobbelt,han må gje frå seg ¬alt det han har i huset.

32. Tankelaus er den ¬som driv hor med ei kvinne,den som gjer slikt, ¬øydelegg seg sjølv.

33. Skam og skade får han,og ingen stryk ut hans vanære.

34. For svartsykja brenn ¬i ektemannen,han er ikkje mild ¬den dagen han tek hemn.

35. Han bryr seg ikkje ¬om løysepengar,og tek ikkje imot ¬om du byd han store gåver.

Ordtaka 6