Ordtaka 6:17-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. hovmodige augo ¬og svikefull tunge,hender som renner ut ¬skuldlaust blod,

18. eit hjarta som legg ¬vonde planar,føter som spring ¬etter det som er vondt,

19. falske vitne som fer med lygnog skaper strid mellom brør.

20. Son min, hald dei bod ¬som far din gav deg,og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!

21. Knyt dei alltid til hjarta ditt,og bind dei fast om halsen din!

22. Når du går, skal dei leia deg,når du ligg, skal dei verna deg,og når du vaknar, ¬skal dei tala til deg.

23. For bodet er ei lykt ¬og læra eit ljos,refsing og tukt ¬er ein veg til livet.

24. Dei skal verna deg ¬mot vond kvinne,mot den sleipe tunga ¬åt framand kvinne.

25. Trå ikkje etter hennar venleik,lat deg ikkje fanga ¬av hennar strålande augo!

26. Ei hore kan du få ¬for ein brødleiv;men ei gift kvinnedriv jakt på dyre menneskeliv.

Ordtaka 6