6. Ho aktar ikkje på livsens stig,ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.
7. Så høyr på meg, mine born,vik ikkje av frå dei ord eg talar!
8. Hald deg unna ¬annan manns kone,kom ikkje nær hennar dør!
9. Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre,dine beste år ¬til ein nådelaus herre.
10. Framande får metta seg ¬av det du eig,det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.
11. Så må du stynja i di ¬siste stund,når kroppen og holdet ¬tærest bort,
12. og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tuktog ikkje bry meg om refsing!
13. Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg,og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.
14. Det hadde nær gått ille ¬med megdå folket var samla til ting.»