Ordtaka 5:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men til sist er ho beisk ¬som malurtog kvass ¬som eit tvieggja sverd.

5. Hennar fotsteg fører til døden,til dødsriket går hennar fet.

6. Ho aktar ikkje på livsens stig,ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.

7. Så høyr på meg, mine born,vik ikkje av frå dei ord eg talar!

8. Hald deg unna ¬annan manns kone,kom ikkje nær hennar dør!

9. Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre,dine beste år ¬til ein nådelaus herre.

10. Framande får metta seg ¬av det du eig,det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.

11. Så må du stynja i di ¬siste stund,når kroppen og holdet ¬tærest bort,

Ordtaka 5