Ordtaka 5:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg,og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.

14. Det hadde nær gått ille ¬med megdå folket var samla til ting.»

15. Drikk or din eigen brunn,rennande vatn ¬or di eiga kjelde!

16. Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata,bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!

17. Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølvog ikkje dela dei med andre.

18. Då skal kjelda di vera velsigna.Gled deg over ¬din ungdoms kone,

19. den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell!Fryd deg støtt ¬ved hennar barm,lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør!

20. Son min!Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør,kvifor ta framand kvinne ¬i famn?

21. Herren ser kvar mannen går,gjev akt på alle hans stigar.

22. Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd,syndene held han fast ¬som snarer.

Ordtaka 5