Ordtaka 4:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Han set ein fager krans ¬på ditt hovudog gjev deg ei strålande krone.

10. Høyr etter, son, ¬ta imot mine ord,så vert dine leveår mange.

11. Eg lærer deg visdoms vegog fører deg på dei rette stigar.

12. Når du går, ¬skal ingenting hindra foten,og når du spring, ¬skal du aldri snåva.

13. Hald alltid fast ¬på det du har lært,ta vare på det, for det er ditt liv.

14. Slå ikkje inn ¬på gudløysings stig,fylg ikkje vegen dei vonde går.

15. Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og ¬gå utanom!

Ordtaka 4