Ordtaka 4:18-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Men stigen åt dei rettferdige ¬er lik morgonglima,som vert bjartare og bjartare ¬til det er ljos dag.

19. Men den vegen dei vonde går, ¬er som kolmørkret;dei veit ikkje kva dei snåvar i.

20. Lyd på det eg seier, son min,vend øyra til og høyr mine ord!

21. Slepp dei aldri ut or syne,gøym dei djupt i hjarta!

22. For dei er liv ¬for den som finn dei,og helsebot for heile kroppen.

23. Ta vare på hjarta ¬framfor alt du tek vare på,for livet går ut frå det.

Ordtaka 4