Ordtaka 4:14-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Slå ikkje inn ¬på gudløysings stig,fylg ikkje vegen dei vonde går.

15. Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og ¬gå utanom!

16. Dei gudlause får ikkje sovautan at dei har gjort ¬eitkvart vondt;dei misser svevnenom dei ikkje har fått ¬einkvan til å falla.

17. For vondskap er maten dei et,og valdsferd er vinen ¬dei drikk.

18. Men stigen åt dei rettferdige ¬er lik morgonglima,som vert bjartare og bjartare ¬til det er ljos dag.

19. Men den vegen dei vonde går, ¬er som kolmørkret;dei veit ikkje kva dei snåvar i.

20. Lyd på det eg seier, son min,vend øyra til og høyr mine ord!

21. Slepp dei aldri ut or syne,gøym dei djupt i hjarta!

22. For dei er liv ¬for den som finn dei,og helsebot for heile kroppen.

23. Ta vare på hjarta ¬framfor alt du tek vare på,for livet går ut frå det.

24. Hald deg frå falske ord,bruk aldri lippene til svik!

25. Lat augo dine sjå beint fram,fest blikket på det ¬som ligg framføre deg!

26. Legg merke til ¬dei far du skal fylgja,hald heile vegen stø kurs!

27. Vik ikkje av ¬til høgre eller venstre,hald foten din ¬frå det som er vondt!

Ordtaka 4