Ordtaka 4:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lyd etter, born,når far dykkar formanar,høyr på han, så lærer de skjøn!

2. God er den lærdom ¬eg gjev dykk.Vik ikkje av frå mi rettleiing!

3. Då eg var barn ¬og budde hjå far,var einaste småguten ¬heime hjå mor,

4. då lærte han meg og sa:«Lat hugen din halda fast ¬på mine ord,hald mine bod, ¬så skal du leva!»

5. Få deg visdom og kjøp deg vit,gløym ikkje det eg har sagt,og vik ikkje av frå det!

6. Gå ikkje bort frå visdomen, ¬så vaktar han deg,hald av han, så vernar han deg.

7. Vil du få visdom, så kjøp han,bruk alt det du eig ¬til å vinna vit!

8. Set visdomen høgt, ¬så lyfter han deg;tek du han til deg, ¬gjev han deg ære.

9. Han set ein fager krans ¬på ditt hovudog gjev deg ei strålande krone.

10. Høyr etter, son, ¬ta imot mine ord,så vert dine leveår mange.

11. Eg lærer deg visdoms vegog fører deg på dei rette stigar.

12. Når du går, ¬skal ingenting hindra foten,og når du spring, ¬skal du aldri snåva.

Ordtaka 4