9. Lat opp din munn ¬og døm rettferdig,hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett!
10. Den gode kona, ¬kven finn vel henne?Meir er ho verd enn perler.
11. Mannen set all si lit til henne,og det skortar ikkje ¬på vinning.
12. Ho gjer berre godt imot han,og inkje vondt, ¬så lenge ho lever.
13. Ho syter for ull og lin,hennar hender arbeider ¬med liv og lyst.
14. Ho er som ein kjøpmanns skip,langt bortanfrå hentar ho mat.
15. Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe,gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid.
16. Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han;ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent.
17. Styrke er beltet ho har ¬om livet,i armane legg ho kraft.
18. Ho merkar at arbeidet lukkast,hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta.
19. Ho legg hendene på rokken,og fingrane grip om teinen.
20. Ho opnar handa ¬for dei som lid naud,retter armane ut til fattigfolk.
21. Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset,for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt.
22. Teppe lagar ho sjølv,ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull.
23. Hennar mann er kjend ¬der folket samlast,han sit i lag ¬med dei eldste i landet.