Ordtaka 30:8-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Hald lygn og fals ¬langt borte frå meg,og gjev meg korkje armod ¬eller rikdom,men lat meg få den mat ¬eg treng!

9. Elles kunne eg verta så mettat eg fornekta deg og spurde: ¬«Kven er Herren?»eller verta så fattig at eg stalog forbanna namnet ¬åt min Gud.

10. Baktal ikkje ein træl ¬for hans herre;elles vil han forbanna deg,og du må bøta for di synd.

11. Det finst folk ¬som forbannar far sinog ikkje velsignar mor si,

12. folk som er reine i eigne augo,men ikkje har vaska ¬ureinskapen av seg,

13. folk som er stolte i blikket– å, kor dei lyfter ¬sine augnebryn! –

14. folk som har sverd til tennerog knivar i kjakane,så dei et armingar ut or landetog fattige ut or folket.

15. Blodiglen har to døtrer: ¬«Gjev» og «Gjev».Det finst tre ¬som ikkje vert mette,og fire som aldri får nok:

16. dødsrike og barnlaust ¬morsliv,jorda som alltid ¬tyrstar etter vatn,og elden som aldri seier: ¬«Det er nok.»

17. Den som ser spottande ¬på far sinog ikkje vil lyda mor si,på han skal ramnane ¬ved bekken hakka ut augo,og ørnungar skal eta dei opp.

Ordtaka 30