Ordtaka 30:23-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. attergløyma ¬når ho vert gift,og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24. Det finst fire ¬som er små på jorda,og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25. Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk,men om sommaren ¬finn han seg føde.

26. Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke,og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27. Grashoppene har ingen konge,men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

28. Firfisla kan ein ta ¬med hendene,og endå er ho i kongens slott.

29. Det finst tre ¬som går med stolte steg,og fire som har ei fager gonge:

30. løva, kjempa mellom dyra,som ikkje vik for nokon,

31. hanen som går ¬og bretter seg,bukken fyrst i flokkenog kongen i brodden ¬for sitt folk.

32. Har du vore dum ¬og hovmodig,så tenk deg om ¬og legg handa på munnen!

33. For trykk på mjølk gjev smør,trykk på nase gjev blod,og trykk på vreide valdar strid.

Ordtaka 30