Ordtaka 30:21-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola:

22. trælen når han vert konge,og dåren ¬når han får eta seg mett,

23. attergløyma ¬når ho vert gift,og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24. Det finst fire ¬som er små på jorda,og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25. Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk,men om sommaren ¬finn han seg føde.

26. Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke,og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27. Grashoppene har ingen konge,men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

28. Firfisla kan ein ta ¬med hendene,og endå er ho i kongens slott.

29. Det finst tre ¬som går med stolte steg,og fire som har ei fager gonge:

30. løva, kjempa mellom dyra,som ikkje vik for nokon,

31. hanen som går ¬og bretter seg,bukken fyrst i flokkenog kongen i brodden ¬for sitt folk.

Ordtaka 30