Ordtaka 30:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ord av Agur,son til Jake frå Massa.Så lyder ordet åt mannen:Gud, eg er trøytt,Gud, eg er trøytt og utmødd.

2. Eg er for dum ¬til å vera ein mann,eg har ikkje vit ¬som eit menneske.

3. Visdom har eg ikkje lært,eg har ikkje kunnskap ¬om Den Heilage.

4. Kven har stige opp ¬til himmelenog er komen ned att?Kven har samla vinden ¬i si hole handog bunde vatnet i eit klede?Kven har fastsett ¬alle grensene for jorda?Kva heiter han, ¬og kva heiter son hans?Det veit vel du?

5. Kvart ord frå Gud er reint.Han er eit vern ¬for dei som flyr til han.

6. Legg ikkje noko til hans ord,elles refser han deg,og du står der som lygnar.

Ordtaka 30