Ordtaka 28:9-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Når nokon vender øyra bortog ikkje vil høyra på rettleiing,då er jamvel bøna hans ¬ein styggedom.

10. Den som fører dei ærlege ¬på vonde vegar,han fell i si eiga grav,men det gode går i arv ¬til heidersmenn.

11. Ein rikmann er vis ¬i eigne augo,ein fattig som har skjøn, ¬ser kva som bur i han.

12. Når dei rettferdige jublar,er det herlegdom og glede;når dei gudlause ¬har framgang,held folk seg borte.

13. Den som løyner sine synder,går det ikkje vel;den som sannar si synd ¬og vender seg frå henne,han finn miskunn.

14. Sæl er den ¬som alltid ottast Gud,men den som gjer seg hard, ¬fell i ulukke.

15. Som knurrande løve ¬og grådig slagbjørner ein gudlaus hovding ¬for eit fattig folk.

16. Ein fyrste som ikkje har skjøn, ¬grip gjerne til vald;den som hatar urett vinning, ¬får leva lenge.

Ordtaka 28