Ordtaka 28:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei,den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve.

2. Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar,men ein klok mann ¬kan styra lenge.

3. Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk,liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren,så det ikkje vert korn til brød.

4. Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause,den som held lova, ¬går til strid imot dei.

5. Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett,men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt.

6. Betre å vera fattig ¬og heil i si ferdenn å vera rik ¬og gå krokvegar.

7. Den som held seg etter læra, ¬er ein klok son;den som held lag ¬med drikkebrør,fører skam over far sin.

8. Den som aukar sin rikdom ¬med renter og åger,samlar til ein som har medynk ¬med armingar.

Ordtaka 28