8. Lik den som legg ein stein ¬i slyngja,er den som gjev ein dåre ære.
9. Som klungergrein ¬i handa på drukken manner ordtak i munnen på dårar.
10. Lik ein skyttar ¬som sårar kvar og ein,er den som leiger ein dåre,eller folk som råkar til ¬å gå framom.
11. Lik hunden som snur seg ¬til sitt eige spy,er ein dåre ¬som tek opp att sin dårskap.
12. Ser du ein mann ¬som trur han er vis,er det større von ¬for dåren enn for han.
13. Den late seier:«Det er ei løve på vegen,ei ungløve i gatene.»
14. Døra svingar på gjenga,den late snur seg i senga.
15. Den late stikk handa i fatet,men idest ikkje ta henne ¬til munnen.
16. Den late trur han er visareenn sju som gjev kloke svar.
17. Lik ein som tek tak i øyropå ein hund ¬som spring framom,er den som ryk opp i sinnefor ei trette ¬som ikkje kjem han ved.
18. Lik ein galen mann ¬som sender utbrannpiler og drepande skot,