Ordtaka 26:18-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Lik ein galen mann ¬som sender utbrannpiler og drepande skot,

19. er den som har svike ein venog seier: «Eg gjorde det ¬berre for moro.»

20. Når veden er ende, ¬sloknar elden;når baktalaren er borte, ¬stilnar tretta.

21. Det trengst kol til glør ¬og ved til eldog trettekjær mann ¬til å skapa strid.

22. Ein baktalars ord ¬er som godbitar,dei sig djupt ned ¬i kroppen.

23. Som sølvlag på ei leirskåler sleipe lipper ¬og vondskap i hjarta.

24. Ein uven skaper seg til ¬med lippene,men inni seg ber han ¬på svik.

25. Gjer han seg blidmælt, ¬så tru han ikkje,for det er sju slag styggedom ¬i hjarta hans.

26. Jamvel om ein døl sitt hat ¬med list,kjem vondskapen fram ¬når folket samlast.

27. Den som grev ei grav, ¬dett sjølv nedi,den som velter opp ein stein, ¬får han over seg.

Ordtaka 26