1. Som snø om sommaren ¬og regn i skurden,så lite høver ære for ein dåre.
2. Lik sporv og svale ¬som flyg utan mål,er grunnlaus forbanning ¬– ho råkar ikkje.
3. Som svepe til hesten ¬og taum til eseleter ris til ryggen på dårar.
4. Svar ikkje dåren ¬så dumt som han spør,elles vert du sjølv som han.
5. Lat dåren få svar ¬som høver til hans dårskap,så han ikkje vert vis ¬i eigne augo.
6. Den som sender bod ¬med ein dåre,høgg føtene av seg ¬og må tola hard medferd.
7. Slappe heng føtene ¬på den lame,så òg ordtak i munnen ¬på dårar.