Ordtaka 25:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Som hamar og sverd ¬og kvasse piler den som vitnar rangt ¬mot sin neste.

19. Som roten tann og ustø foter tillit til ein svikar ¬på trengselsdagen.

20. Å syngja for den ¬som er sorgfull,er som å kasta kappa ¬ein vinterdageller som å slå eddik på natron.

21. Er din uven svolten, ¬så lat han få mat,er han tyrst, ¬så gjev han drikke!

22. Då samlar du gloande kol ¬på hans hovud,og Herren skal løna deg for det.

23. Nordavinden kjem med regn,med baktale fylgjer ¬sinte andlet.

24. Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

25. Som kaldt vatn ¬for ein tyrstande strupeer godt nytt frå framandt land.

26. Som grumset kjelde ¬og utskjemd brunner ein rettvis mann som ¬gjev etter for ein gudlaus.

27. Å eta for mykje honning ¬er ikkje godt;ver sparsam med rosande ord!

28. Lik ein øydelagd by ¬med nedriven murer ein mann ¬som ikkje kan styra sin hug.

Ordtaka 25