Ordtaka 25:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Som eple av gull i skåler ¬av sølver ord ein talar i rette tid.

12. Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint guller den vise som refser ¬ein mann som vil høyra.

13. Som svalande snø ¬ein dag i skurdener ein påliteleg bodberar ¬for sin herre,han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han.

14. Lik skyer og vind ¬som ikkje gjev regn,er den som skryter av å gje, ¬men ikkje gjer det.

15. Med tolmod ¬vert hovdingen overtald,den milde tunga knuser bein.

16. Finn du honning, så et ikkje ¬meir enn du treng;elles vert du for mett ¬og spyttar han ut.

17. Set sjeldan foten ¬i huset åt ein ven,elles vert han lei deg ¬og legg deg for hat.

18. Som hamar og sverd ¬og kvasse piler den som vitnar rangt ¬mot sin neste.

Ordtaka 25