1. Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen.
2. Det er Guds ære å dølja ei sak,men kongars ære ¬å granska henne.
3. Himmelhøgd og jordedjupog kongars hjarta ¬kan ingen granska.
4. Skil slagget frå sølvet,så kan sølvsmeden laga ¬ei skål av det.
5. Før dei gudlause bort ¬frå kongen,så står hans kongsstol fast ¬ved rettferd.
6. Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på,og stig ikkje fram ¬på stormenns plass!
7. For det er betre ¬dei seier til deg:«Kom og set deg her oppe!»enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding.Kva du så ser med eigne augo,